Bykle Fjellstyre

Bykle Fjellstyre forvaltar jakt, fiske, hytteutleige og båtutleige for Bykle statsalmenning.

På desse sidene finn du nyttig informasjon som jakttider, prisar og informasjon om hyttene våre.

Velkomen til flotte turar! 

Jakt & fiske i Bykle statsalmenning

Jakt

Rypejakt

Søknadsfrist: 1. juni

Jaktstart: 25. september

Reinsdyrjakt

Søknadsfrist: 1. juni

Jaktperiode: 20. august - 25. september

Søknad om jakt skal sendast til Bykle Fjellstyre v/ Jan D. Dalen, 4754 Bykle eller per e-post til: bykle@fjellstyrene.no eller  jan.d.dalen@istorm.no.

Fiske

Innanbygds:    Innbyggjarar i Bykle kommune kan fiske gratis med stang og inntil 5 garn per husstand i vatna som ligg i Bykle statsalmenning. Aktuelle vatn er Store Urar (innan for grensene for almenningen), Krokavatnen, Midtre Ratevatn og Langetjørn.

Husstanden sin rett til å fiske med garn kan ikkje overdragast til andre husstandar.

NB: Det er viktig at garna har minste maskevidde 18 omfar, og alle garn må vere merkte med namn. Umerkte garn blir beslaglagt.

Utanbygds:  Garnfiske er IKKJE tillete. Stangfiske er gratis innanfor statsalmenningen.