Bykle Fjellstyre Bykle statsallmenning - Setesdal Vesthei

Bykle statsallmenning

 

Bykle statsallmenning ligg i Setesdal Vesthei, og dekkjer eit areal på om lag

133 000 dekar. Alt er høgfjellsterreng.

 

Fjellstyra si verksemd er heimla i fjellova. Det er kommunestyret som vel medlemer til fjellstyret, men dette er likevel eit frittståande organ med eigen økonomi.

 

Bykle Fjellstyre skal administrere bruken og utnyttinga av rettar for statsallmenningen så sant ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. I hovudtrekk omfattar dette rettar til jakt, fangst og fiske.

 

I følgje fjellova skal fjellstyret arbeide for at statsalmenningen vert nytta på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og tek vare på naturvern- og friluftsinteressene.

Hytter, båtar, jakt og fiske

 

Bykle Fjellstyre forvaltar jakt, fiske, hytteutleige og båtutleige for Bykle statsallmenning.

 

Desse tilboda er tilgjengelige både for innbyggjarar i Bykle kommune og andre.

 

Klikk deg inn i menyen over for å finne meir informasjon om dei ulike tilboda.

 

VELKOMEN TIL Å NYTE DEN FLOTTE NATUREN I SETESDAL VESTHEI!

Aktuelt nytt

 

Jaktkorta for reinsjakt i Bykle Statsallmenning kan no hentast. Seinast innan 15.august.

NB! Betaling for korta må vera overført til vår kto nr 2801.25.50512 før utlevering.

 

Prisane er som følger:

 

Fritt dyr kr 1.500

Simle/Ungdyr kr 1.000

Simle kr 1.000

Kalv kr 500

 

Ta kontakt med Jan D. Dalen på tlf 91531895 for meir info ifm utlevering av jaktkort, jaktlag m.m.